tirsdag 21. september 2010

Blandede teknikker

Idag, tirsdag 21. september, jobba vi med ulike trykkteknikker på papir.
Alle skulle ha med seg eit kunstkort som vi skulle plukke ut eit lite motiv av.

 
Eg valgte å ta utgangspunkt i den gule tulipanen som eg forstørra opp ved å tegne den på eit papir, etterpå brukte eg lim og tråd til å lage samme tulipanen på eit tjukt ark. Så fant eg fram ei glassplate som eg smurte inn med trykksvarte (den var svart). Eg brukte ei rulle som eg smurte trykksvarta jamt utover med. Så tegna eg tulipanen på det svarte med ein kost, deretter la eg eit ark over slik at det blei eit bilde.
Dette kalles monografi som betyr eit trykk som blir brukt ein gong. Her vart min tulipan speilvendt. Etterpå hadde eg trykksverte på den tulipanen som var laga av tråd. Deretter la eg arket med tulipanen oppå trykkpressa, la eit ark oppå der igjen og laga eit nytt bilde.












 
                                                                            
            



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar