torsdag 24. februar 2011

Ny kunstnar og nytt bilde

Etter at vi var på 1. samlinga etter nyttår, bestemte eg meg for at på den todimensjonale oppgåva ville eg begynne heilt på nytt, med ny kunstner og nytt bilde. No heiter kunstneren Audun Hetland, og bildet heiter "der går den siste bergenser".
                               Aller først laga eg nokre utsnitt for å sjå kva eg ville jobbe vidare med.



                                                      Så forstørra eg det opp til A4 ark
                                              


                          Etterpå prøvde eg meg på eit prikkebilde (vart veldig inspirert av det Sigrid hadde laga).



                                   Så prøvde eg ut korleis det ville bli å lage bildet med glassmaling.



                       Så var det opp i A3 format. Her ville eg prøve ut å tegne med kullstift. Det var artigt!!!





Etterpå prøvde eg å male med ackrylmaling på krøllete silkepapir



Trykkteknikk







Så prøvde eg ut colage. Masse godt arbeid for å finne fargane som passa.





Ackyrl maling på vanlig ark



Her er eg begynt på A2 formatet. Eg har eit lerret som utgangspunkt. Eg har valt å bruke 3 forskjellige teknikkar på bildet. Her er eg begynt å sparkle. Etterpå skal eg male oppå sparkelen. Så har eg tenkt å bruke colage. Eg skal også male rett på lerretet. 







 

lørdag 12. februar 2011

Kreativitet

I dag fekk vi verkeleg sjå at å jobbe i gruppe er kreativt, og at med brainstorming kan ei oppgåve som i utgangspunktet verkar vanskeleg, bli artig. Det viste seg då mi gruppe etter ei brainstorming fekk ein lapp der det sto hav og pupp. Gruppa kom fram til at det måtte vere ein pupp som låg på eit bølgjande hav.





Oppgåva etterpå var større. Då skulle vi ta utgangspunktet i orda som sto på eit ark. På arket sto der 50 ord. Orda skulle beskrive eit symbol. Her er resultatet vi i gruppa kom fram til:


Leire

I den andre samlinga etter jul var temaet leire. Ettter ei rask innføring i korleis man behandlar og jobbar med den, var det våra tur.
Det første eg laga var ei skisse av ein singlett, så klipte eg den ut. Så begynte eg på leira. Vi fekk vite at leira hugsa kva som var blitt gjort med den, så vi måtte behandle den fint - heilt utruleg!!
Dette var ein artig aktivitet, anbefalast i barnehagen!