Etter at vi var på 1. samlinga etter nyttår, bestemte eg meg for at på den todimensjonale oppgåva ville eg begynne heilt på nytt, med ny kunstner og nytt bilde. No heiter kunstneren Audun Hetland, og bildet heiter "der går den siste bergenser".
Aller først laga eg nokre utsnitt for å sjå kva eg ville jobbe vidare med.Så forstørra eg det opp til A4 ark
Etterpå prøvde eg meg på eit prikkebilde (vart veldig inspirert av det Sigrid hadde laga).
Så prøvde eg ut korleis det ville bli å lage bildet med glassmaling.
Så var det opp i A3 format. Her ville eg prøve ut å tegne med kullstift. Det var artigt!!!
Her er eg begynt på A2 formatet. Eg har eit lerret som utgangspunkt. Eg har valt å bruke 3 forskjellige teknikkar på bildet. Her er eg begynt å sparkle. Etterpå skal eg male oppå sparkelen. Så har eg tenkt å bruke colage. Eg skal også male rett på lerretet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar