tirsdag 1. mars 2011

Lang arbeidsøkt


Endelig ferdig med A2 format på lærret. Dette var eit stort prosjekt, og det tok lang tid før eg vart ferdig. Eg veit ikkje om eg vart heilt fornøgd, kan hende det er fordi dette var eit veldig stort bilde?!


                                               

Sidan eg har jobba med å tegne ein fot og ein sko på den todimensjonale oppgåva mi, ville eg prøve ut om eg kunne fortsette med noko som kunne koblast til den tredimensjonale oppgåva. Derfor valte eg dette bildet

  
                                                

Til denne oppgåva valte eg å prøve ut gips. Dette er eit materiale eg ikkje har jobba med før, men som eg ville prøve.

                                                  

  Eg fekk låne foten til Terje, som eg gipsa. Det var spennande og skummelt på same tid. Eg måtte jobbe  raskt, fordi gipsen stivna fort, samstundes som eg måtte passe på å ikkje legge for stramt.



                                        


                  Eg hadde ikkje tid sjølv til å ta bilde, så Bendik 7 år var fotograf (halve familien i aksjon...)






                                                                 Det endelige resultatet.......




                                           



                                                   



                                          

                                                         (dei tre siste bilda tok eg sjølv)

  

torsdag 24. februar 2011

Ny kunstnar og nytt bilde

Etter at vi var på 1. samlinga etter nyttår, bestemte eg meg for at på den todimensjonale oppgåva ville eg begynne heilt på nytt, med ny kunstner og nytt bilde. No heiter kunstneren Audun Hetland, og bildet heiter "der går den siste bergenser".
                               Aller først laga eg nokre utsnitt for å sjå kva eg ville jobbe vidare med.



                                                      Så forstørra eg det opp til A4 ark
                                              


                          Etterpå prøvde eg meg på eit prikkebilde (vart veldig inspirert av det Sigrid hadde laga).



                                   Så prøvde eg ut korleis det ville bli å lage bildet med glassmaling.



                       Så var det opp i A3 format. Her ville eg prøve ut å tegne med kullstift. Det var artigt!!!





Etterpå prøvde eg å male med ackrylmaling på krøllete silkepapir



Trykkteknikk







Så prøvde eg ut colage. Masse godt arbeid for å finne fargane som passa.





Ackyrl maling på vanlig ark



Her er eg begynt på A2 formatet. Eg har eit lerret som utgangspunkt. Eg har valt å bruke 3 forskjellige teknikkar på bildet. Her er eg begynt å sparkle. Etterpå skal eg male oppå sparkelen. Så har eg tenkt å bruke colage. Eg skal også male rett på lerretet. 







 

lørdag 12. februar 2011

Kreativitet

I dag fekk vi verkeleg sjå at å jobbe i gruppe er kreativt, og at med brainstorming kan ei oppgåve som i utgangspunktet verkar vanskeleg, bli artig. Det viste seg då mi gruppe etter ei brainstorming fekk ein lapp der det sto hav og pupp. Gruppa kom fram til at det måtte vere ein pupp som låg på eit bølgjande hav.





Oppgåva etterpå var større. Då skulle vi ta utgangspunktet i orda som sto på eit ark. På arket sto der 50 ord. Orda skulle beskrive eit symbol. Her er resultatet vi i gruppa kom fram til:


Leire

I den andre samlinga etter jul var temaet leire. Ettter ei rask innføring i korleis man behandlar og jobbar med den, var det våra tur.
Det første eg laga var ei skisse av ein singlett, så klipte eg den ut. Så begynte eg på leira. Vi fekk vite at leira hugsa kva som var blitt gjort med den, så vi måtte behandle den fint - heilt utruleg!!
Dette var ein artig aktivitet, anbefalast i barnehagen!


lørdag 15. januar 2011

Hatter som formingsaktivitet

Å lage hatter i barnehagen er sikkert spennande. Eg har ikkje vert med på å lage det på mi avdeling som er ei avdeling med barn frå 0-3 år. Det hadde vert morro å sett om vi hadde klart det. Mange av dei aller minste er fortsatt mest opptatt av å smake på det vi har av materiale.



tirsdag 7. desember 2010

Fingermaling





Her har eg prøvd ut fingermaling. Malinga har eg laga sjølv (oppskrifta fekk eg i barnehagen) Først koka eg velling av vatn og kv.mjøl, og litt zalo. Deretter hadde eg oppi ønska farge. Då eg skulle jobbe malinga utover arket, var malinga lunka noko som gjorde at det var enkelt å jobbe med den.

søndag 24. oktober 2010

Ny start

Eg har no bestemt meg for å bytte kunstbilde til eksmansoppgåva mi. Sidan bildet eg hadde tidligare valgt blei for vanskelig, og med ti tommeltotter, velger eg å begynne på nytt. Bildet som eg har valgt er frå en anerkjent kunstner som heiter Nikolai Astrup. Bildet heiter "Fugl på blå stein".




Det første eg starta med var å lage ulike utsnitt som eg ville jobbe vidare  med.          
                                                                                                                                          



        Her prøver eg ut ulike utsnitt på A4 ark.



 Min første collage på A3. Veit ikkje om eg er heilt fornøgd, må jobbe vidare på denne her tenker eg.