Sidan eg har jobba med å tegne ein fot og ein sko på den todimensjonale oppgåva mi, ville eg prøve ut om eg kunne fortsette med noko som kunne koblast til den tredimensjonale oppgåva. Derfor valte eg dette bildet
Til denne oppgåva valte eg å prøve ut gips. Dette er eit materiale eg ikkje har jobba med før, men som eg ville prøve.
Eg fekk låne foten til Terje, som eg gipsa. Det var spennande og skummelt på same tid. Eg måtte jobbe raskt, fordi gipsen stivna fort, samstundes som eg måtte passe på å ikkje legge for stramt.
Eg hadde ikkje tid sjølv til å ta bilde, så Bendik 7 år var fotograf (halve familien i aksjon...)
Det endelige resultatet.......
(dei tre siste bilda tok eg sjølv)
Spennande å sjå kva meir som skjer med dette!
SvarSlett